I dag er den siste heile dagen av BIFF- Bergen Internasjonale Film Festival. Det kan du jo til dømes feire med å sjå PressPausePlay på Studentersamfunnet klokka 17.30.
Og når du først befinn deg på Kvarteret, kvifor ikkje nytte høve til å få med deg arrangementet Folkestyrt kreativitet i regi av Kulturkomiteen? Her skal spørsmål som kva demokratiseringa av kulturen fører til, tas opp. Blir det bedre kunst, film, musikk og litteratur når alle har moglegheit til å konkurrere om merksemda, eller er dette eit problem som gjer at kulturen mistar djupta si?
for 15 timer siden
