For ein teit dag i dag har vore. Det er haust og kaldt og mørkt og snart er det eksamen og eg skjønar ikkje avlyd i norrønt eg, og setningsledd kan eg berre på tysk. Dessutan er det alt for lenge til jul, og til sumaren, og til ferie. Golvet skulle vore vaska og luggen min skulle ha vore lang og fin, eg skulle vore litt finare, litt klokare og litt meir konsekvent. Det er voldsbølge i landet vårt, nyhendene skremmer meg, Høyre får ny ordførar i Bergen og dei spelar dårleg musikk på radioen.
Ein slik dag altså.
for 15 timer siden

