Gratulerer med dagen Rickard!

For eit år sidan i dag vakna eg opp i di tronge seng, utan deg sjølvsagt, for du låg jo i mi breie seng og sleva snus, etter ein kveld med våre spesialsmooties. Det var ein kald dag i Oslo på ein sundag, me tok bilete på Grünerløkka og åt mexicansk etter det eg hugsar. Sidan den tid har me hatt skypefestar, bursdagsfestar, middagsfestar, tvfestar, rumifestar, madmenfestar, biletefestar og frukostfestar i fleng. No er du for langt borte til at eg kan seie "kom, så lager me te og ser på deiting i mørkne" (å gud kor eg saknar det programmet) men eg ser tilbake på festane med stor iver, og eg vonar dei kan repeterast om ikkje alt for lenge.





via Grainscapes. Ikkje stel.

This entry was posted on mandag 7. november 2011. You can follow any responses to this entry through the RSS 2.0. You can leave a response.

Leave a Reply

Kva seier du til det?