Så er livet kanskje ikkje så verst likevel.
Florence + the Machine har slept sitt nye album, Ceremonials, og det er jo ganske kjekt. Personleg tykkjer eg Florence er best på ein speleliste med fleire andre, eit heilt album kan bli litt for likt. Men eg har vorte veldig glad i både What the Water Gave Me, og Shake It Out. Dessutan, desse to finst i enklare versjonar som bonusspor på plata. Og så må det seiast at Florence Welch er ein herleg motpol til andre glatte, kjedelege , Maria og Marit-aktige vokalister der ute.

