Ingenting er som juletradisjonar.
I morgon skal eg heim å feire, og like sikkert som at det blir pinnekjøtt er det at desse setningane fell på julekvelden:
"Det der e en fotball!" (evt berre: "FOTBALL") Uttalast med klår og høg røst på kav bergensk kvar gong ein heilt flat presang skal bli opna.
"Nei, i år skal me ikkje ha nokon gåver." Uttalast med påfølgande skogglatter.
"Nei, i år skal me la nettingstrømpa bli på julegrana" Uttalast med påfølgande skogglatter.
"Gåve til meg, men eg har jo fått?" Uttales av mamma kvar gong ho får ei gåve, etter ho har fått den fyrste.
"Gud, så lekkert papir" Mamma tykkjer innpakkingen er halve moroa.
Eg ynskjer dykk alle ei god jul! Ta vare på kvarandre!
for 15 timer siden
