Eit vanskeleg brott

Etter at eg har byrja å bruke mykje av tida mi i lag med HF-studentar og aktive medlemmer av Studentersamfunnet, har eg opplevd det eg sjølv vil karakterisere som eit press. Eg er gang på gang blitt, ikkje berre oppfordra, men nærmast tvungen, til å endre åtferda mi i eit spesielt høve. Det dreier seg her om noko så blodseriøst som valet av radiokanal.

Eg har, siden eg var prepubertal og satt på pikerommet på ein gudsforlatt plass i Nordhordaland utan noko sosialt nettverk, via eit tusentals radiotimer til NRK P3. Kanalen har vore ein del av mine daglege vaner dei siste tolv åra. Det er halve livet mitt det!

På tidleg 2000-tal tok eg opp Are og Odin på kassett dei lørdagane eg ikkje hadde høve til å høyre best-of sendinga. Eg vaks opp med NRQ med Bjarte og Q-Jon, og eg laga mi eige radiodagbok på Juntafil. Eg hugsar når Holger Nilsens Metode gjekk om morgonane, og eg hugsar når Henrik Thodesen og Shaun Henrik Matheson leia P3 morgen. Eg hugsar når Kyrre i Karate intervjua pensjonistar på Majorstuen, og når Alexander Schau fenga mi minimale interesse for sport i FK Fotball. Eg hugsar når Popsalongen heit Kompani Knudsen, og når Marte Stokkstad var på radio. Eg høyrde alle episodane av Taste Priv, og O-fag på nettradio då eg var utanlands. Ein sumar eg arbeidde som grasklippar på ein gravplass hadde eg P3 i øyrene i 8 timar i strekk, og høyrde difor Rihanna si "Umbrella" fleire gonger enn det som kan være sunt for noko menneskje.

Framleis vaknar eg av P3 morgen på klokkeradioen, og eg blir gjerne liggande i senga når Radioresepsjonen byrjar. Men noko er endra. Det vert hevda frå fleire hold (dei allereie overnevnte studentane) at eg burde bryte ut av mønsteret. «P3 er for unge jyplingar som lastar Gabrielle ned som ringetone» seier dei. Det er P2 ein bør lytte til.

«P2 ? Kva?» var min fyrste reaksjon. Er eg verkeleg blitt så gamal? Eller er det eg som har misforstått? Er det plutselg vorte flaut å høyre på p3? Har det gått meg hus fordi at eg no er minst fem år eldre enn det meste av lyttarane deira? Kan eg etter snart fem år på universitet ikkje lenger kome unna med timevis lettbeint underhaldning i veka?

Slike spørsmål opptek meg for tida. Eg har ein radioidentitetskrise. Og det verste er at eg er redd kritikarane har rett. Kan hende blir det året eg fyller 25 år også det året eg blir P2-tilhengar?

Nei, dette vert spanande. Stay tuned!





This entry was posted on lørdag 18. februar 2012 and is filed under . You can follow any responses to this entry through the RSS 2.0. You can leave a response.

One Response to “Eit vanskeleg brott”

  1. Da jeg hørte på radio hørte jeg på p2. Da morgenandakten begynte (ca 8.20) visste jeg at det var på tide å løpe til skolen :)

    SvarSlett

Kva seier du til det?