I 2011 høyrde eg på The XX , Kvelertak, Bon Iver, Broken Social Scene, Feist,og Explotions in The Sky. Eg hadde eit oppheng på Hurts, og eg høyrde ihel Satan i gatan på jobb i bokhandelen. Eg var på By:larm i Oslo, såg Earth i San Francisco og Jan Eggum i Bergen.
Corps the walk er det vakraste eg såg på ei scene, og den finaste plata eg høyrde var For Emma, Forever Ago.
Alt tyder på at også 2012 kan bli eit spanande musikkår. Her er nokre godbitar ein kan glede seg til:
Lana Del Rey slepp debutalbummet "Born To Die" den 30. januar. Det blir kjekt det. Ikkje berre er Brooklyn-jenta i følgje Twitter Kanye si nye yndling, men ho har sansen for knakande god pop og smekre musikkvidar.
Skal me tru ryktene jobbar The xx og med eit nytt studioalbum. Åh, San Francisco, park og godver, det blir heilt klart ikkje det same utan deg, men åh, det blir nok flott.
Janelle Monae har ikkje mindre enn to nye plater planlagt for det kommande året. Eg tek lett på meg danseskoa og gler meg til meir av dette:
for 15 timer siden
