Innlegg #3 i serien "Noko å glede seg til i 2012". I dag: Studentersamfunnet i Bergen

Det er offisielt. Eg har denne våren bestemt meg for å ta tak i ansvarsangsten min. "Korleis kurerer ein slikt" spør du? Jo, ein får seg eit leiarverv sjølvsagt. Eg har sterk tru på den slags terapi. Likevel: Alt med måte.

No er eg leiar for Kulturkomiteen hjå Studentersamfunnet i Bergen. Det vil sei ansvarleg for eit forrykande program denne våren, med arrangement på Kvarteret kvar einaste onsdag klokka seks. Me presenterer alt i frå ein debatt om dumbsterdiving til forfattarmøter og samtale om samtidsmusikk. Eg kan med handa på hjarte sei at eg ikkje ser ein einaste grunn til å ikkje gå på kvart einaste møte. For ein slikk og ingenting (30 kroner for medlemskort og 20 kroner for kvart møte som medlem) kan ein få med seg debattar og samtaler på høgt nivå, ikkje berre i regi av Kulturkomiteen, men også hjå Upopulær Aften og Debattkomiteen i Studentersamfunnet.

På onsdag slår me på den største tromma med finn og inviterer til opningsmøte i Grieghallen.

Kom då!







This entry was posted on mandag 23. januar 2012 and is filed under . You can follow any responses to this entry through the RSS 2.0. You can leave a response.

Leave a Reply

Kva seier du til det?