Dette semesteret tek eg eit fag om eldre litteratur. Det vil sei at eg skal kose meg med Snorre, Folkeeventyr, Hamsun og Collett denne våren, berre for å nemne nokon. Når ein har all norsk litteratur fram til 1900 på pensum seier det seg sjølve at det blir lite tid til gode for å lese andre bøker. Difor følger eg Frode Grytten på Twitter og gledar meg over at han kvitrar noveller.
For deg som faktisk har tid til å lese noko som ikkje står på ei pensumliste:
Folkelesnad kjem ut i pocket i år. Det er ei god nyhende det!Eg kan samstundes stolt dele at Agnes Ravatn kjem til Studentersamfunnet laurdag 24. mars for å lese frå boka, og bli intervjua av din eigne favorittbloggar.
Brit Bildøens Litterær Salong kjem og i pocket, og hey, jammen kjem ikkje også Bildøen til Bergen! Høve er kulturkomiteen sitt arrangement Det Litterære Kvarter. Hit kjem forresten Tove Nilsen og Hanne Ørstavik også. Sett av 8. mars!
for 5 timer siden

