Fuck Your Noguchi Coffee Table

Det vert snakka mykje om husmorsblogging i det siste. Om at det spreier rundt seg som eld i tørt gras, og om at det jo eigentleg ikkje gjer det, men at det berre er eit fenomen som me ikkje heilt forstår kvifor folk driv med. Interiørbloggane er verst spør du meg. Kva botnar denne typa utlevering i? Er det verkeleg meint å vere "til inspirasjon og glede" Neppe! Det rår nok meir ein underliggande tone som glefsar noko slikt som "Sjå kor forbanna fint og ryddig eg har det heime, og sjå kor fin kjærasten min er. Rommet ditt er heilt sikkert rotete og kjærasten din stygg. Om du i det heile har ein" mellom linjene, og så laster desse jentene opp bilete på bilete av den unike vasa dei fann på loppis. 

Eg har sakna ei ironisering over desse bloggane, eit steg før den veltalte kritikken. Ja la oss kalle det godhjerta uthenging. Er det for mykje å forlange? Lykkeleg kan eg formidle at eg i dag fann to ganske morosame forsøk på nettopp dette: 
"Å sjå på speilrefleks kameraet mitt <3": Fuck Your Shallow Focus
"Kom over denne perlen på loftet" : Fuck Your Noguchi Coffee Table

























Fuck your giant wall word. 

This entry was posted on søndag 25. mars 2012 and is filed under . You can follow any responses to this entry through the RSS 2.0. You can leave a response.

Leave a Reply

Kva seier du til det?